Helsingfors-initiativet for språkleg mangfald i forsking og formidling

Forsking er ein grensesprengjande og internasjonal aktivitet – heldigvis! Språkleg mangfald og formidling på eige språk kan gjere sitt til at forskinga blir relevant for eit breiare publikum og får større påverknadskraft. Det er òg viktig at forskarar tek del i samfunnsdebatten og deler kunnskapen sin utanfor akademia. Men ordningane som skal stimulere til forsking og formidling på nasjonale språk er skjøre. Vi må passe på at dei ikkje smuldrar opp!

Dei som har underteikna Helsingfors-initiativet for språkleg mangfald stør dei følgjande prinsippa og tilrår at styresmakter, universitet, forskingsinstitusjonar, forskingsdonatorar, bibliotek, leiarar og forskarar bind seg til å følgje desse:

1. Bidra til å spreie forskingsresultat på ein slik måte at samfunnet kan dra full nytte av dei

  • Sørg for at forskarar blir akta når dei formidlar forskingsresultata sine utanfor akademia og får til eit godt samspel mellom eige forskingsmiljø og resten av samfunnet
  • Sørg for at tilgangen til forskingsbasert kunnskap er god på ulike språk

2. Slå ring om nasjonale insentiv og ordningar for publisering av forsking som er relevant på lokalt nivå

  • Sørg for at ikkje-kommersielle tidsskrift og forlag har tilstrekkelege ressursar og nødvendig støtte for å halde kvalitetskontrollen og forskingsintegriteten oppe på eit høgt nivå
  • Stø insentiv og ordningar som kan gjere det lettare for nasjonale tidsskrift og forlag å meistre overgangen til det opne vitskapssamfunnet med fri tilgang til forskingsbasert kunnskap

3. Fremje språkleg mangfald i døming, evaluering og finansiering av forsking

  • Sørg for at forsking som held ein høg kvalitet blir verdsett uavhengig av publiseringsspråk og publiseringskanal  
  • Sørg for at måleindikatorar for å anerkjenne akademisk arbeid er utforma slik at publiseringar på alle språk er teljande

Helsingfors-initiativet for språkleg mangfald i forsking og formidling er utarbeidd av Vetenskapliga samfundens delegation (TSV/VSD) og Delegationen för informationsspridning (TJNK) i Finland, den finske foreininga for vitskapleg publisering, Universitets- og høgskolerådet (UHR) i Noreg og det europeiske COST Action-nettverket for forskingsevaluering i samfunnsvitskapane og humaniora (ENRESSH).

«På alle språk»-kampanjen er ei oppmoding til styresmakter, universitet, forskingsinstitusjonar, forskingsdonatorar, bibliotek, leiarar og forskarar om å fremje språkleg mangfald i forsking og formidling. Du kan delta ved å poste eit innlegg eller ein video på Twitter eller Facebook som viser at du og kollegaene dine stør forskingsformidling på fleire språk. Bruk emneknaggen #InAllLanguages.